Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Parliament Watch:

Innlegg i debatten om utenriksministerens redegjørelse om WTO-spørsmål i forkant av ministerkonferansen, Qatar, 7. november 2001

For referat fra debatten i fulltekst, se Referat fra Stortingets debatt om utenriksministerens redegjørelse

Jon Lilletun (KrF) : Det er rett som fleire her har sagt, at ei sak som dette fortener ein brei og grundig debatt. Men eg synest nok at det er viktig å sjå på den situasjonen vi er i, at vi har hatt eit val, at vi har hatt eit regjeringsskifte, og at vi no har fått ei utgreiing før møtet i Qatar som var svært viktig, og som gjev anledning til respons. I den situasjonen vi var, med full tilslutning frå dei parlamentariske leiarane og Presidentskapet for den modellen som var lagd, synest eg på ein måte det vert litt urimeleg å kritisere dagens utgreiing og det som har skjedd, for at ein ikkje får tid nok. Men eg er einig med representantane Arnstad og Valle som har sagt at vi bør ta desse sakene grundigare, og det vil det òg verte anledning til seinare.

       Men eg synest at utanriksministeren på ein brei og svært god måte utgreidde det som ligg føre som Noregs disposisjonar. Bakgrunnen er jo samanbrotet i Seattle og dåverande utanriksminister Knut Vollebæks utgreiing den 20. desember 1999, der han analyserte samanbrotet og kva for veg vi måtte gå vidare. Og det var brei tilslutning til den vegen som han skisserte at Noreg skulle gå. Så fekk vi utgreiinga frå utanriksminister Jagland i juni, og eg vil sitere hovudpunkta frå den utgreiinga, som no på ein god måte vert førte vidare:

       « For det første støtter vi arbeidet med å gjøre dagens kjøreregler mer rettferdige og forutsigbare. Vi må unngå at Norge og andre små land utsettes for vilkårlighet og ensidige tiltak, slik som proteksjonisme og antidumpingtiltak.

       For det andre ønsker vi at handelssystemet fortsatt skal sikre et stadig bedre og mer variert vare- og tjenestetilbud til gunstige priser for forbrukerne.

       For det tredje er vi opptatt av å sikre en bedre markedsadgang for norsk eksport. Dette gjelder varer som fisk, industri- og høyteknologiprodukter, og innenfor viktige tjenesteområder som skipsfart, offshore, energi, ingeniørfag, miljøtjenester, telekommunikasjoner og IT.

       For det fjerde legger vi vekt på å bevare nasjonal handlefrihet til å utforme offentlig sektor slik vi ønsker, og å føre en aktiv landbrukspolitikk.

       For det femte er vi opptatt av at WTO-samarbeidet må gjenspeile hensynet til miljøet. Vi vil gå inn for at WTOs målsetting om bærekraftig utvikling reflekteres i mandatet for de nye forhandlingene.

       Sist, men ikke minst er vi opptatt av at det må gjøres mer for å ivareta utviklingslandenes legitime interesser, både med hensyn til markedsadgang, regelverk og overføring av kompetanse. Målsettingen må være at utviklingsland bedre kan »

       dra nytte av det internasjonale handelssystemet, og slik få til større økonomisk vekst og fattigdomsreduksjon.

       Etter mitt syn har utanriksministeren på ein god måte foredla det som kom i begge dei utgreiingane. Og eg trur at sjølv om det er mange ting som kan kritiserast, og at den breie debatten er viktig, er det ingen som vil tape meir enn akkurat dei fattige og utvikingslanda om vi ikkje denne gongen kjem i mål. Det er heilt opplagt at ikkje alt vil verte bra no heller, men eg er sikker på at dei fattige vert fattigare dersom vi ikkje no når mål. Det har denne gongen - det skal vi glede oss over - vore ein mykje meir harmonisk førebuingsprosess foran WTOs Qatar-møte enn det var foran Seattle-møtet. Det teiknar til at det vert mindre skarpe konfrontasjonar, men det er òg mindre skarpe føringar på ein del kontroversielle punkt. Det har vore ein god prosess her heime under førebuingane av dei norske posisjonane. Det er difor ei linje av kontinuitet som pregar utgreiingane frå Vollebæk, Jagland og i dag Petersen. Og det er grunn til å gle seg over at vi er så einige som vi er. Når det er sagt, er det heilt opplagt at den uroa vi har sett via frivillige organisasjonar, via ein del utviklingsland, skal vi ta på ramme alvor. Men i motsetnad til enkelte andre trur altså ikkje eg at det å ta dette på alvor på ein måte er å utsetje dei viktige avgjerdene i Qatar. Eg trur tvert imot at det bringar meir fattigdom.

       Kristeleg Folkeparti kan heilt ut stille seg bak den utgreiinga som utanriksministeren har kome med her i dag, og ynskjer delegasjonen til lukke med arbeidet i Qatar.


Presidenten: Presidenten vil bemerke at det ville vært forunderlig om det var annerledes.


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 13. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.