Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Parliament Watch:

Innlegg i debatten om interpellasjon fra representanten Djupedal om internasjonal avgift på valutat

For referat fra debatten i fulltekst, se Referat fra Stortingets debatt, 1.3.01

Ingebrigt S Sørfonn (KrF): Dagens interpellasjon er eit bidrag til debatten om negative konsekvensar av globalisering og marknadsliberalisme. Denne debatten stiller me oss positive og opne til. Demonstrasjonane me har sett dei seinare åra i samband med møte i både WTO og G-7, i Seattle, Praha, Köln og no sist i Davos, viser at dette er rørsler og meiningar me må ta på alvor. Det sivile samfunnet krev motmakt og å verta høyrt. For Kristeleg Folkeparti er det viktig å ta del i denne debatten, fordi den rettar fokus mot det me er opptekne av: internasjonal solidaritet og ein global kamp mot fattigdom. Samtidig er det viktig at dei verkemidla me tar i bruk for å nå desse måla, er både nyanserte og heilskaplege, har internasjonal støtte og er moglege å gjennomføra i praksis.

       Valutaspekulasjonar fører til ein enorm straum av pengar dagleg over kontinenta, og karakteriserer på mange måtar egoisme sett i system. Globalisering og marknadsliberalisme kombinert med den raske teknologiutviklinga tydeleggjer forskjellane mellom fattig og rik. Utfordringane er dermed klare, men løysingane er trass det ikkje mindre mangfaldige. Det er derfor behov for å gå litt djupare inn i nyansane og problematisera rundt konsekvensane som globalisering og internasjonale valutastraumar fører med seg.

       I denne samanhengen kjem me ikkje utanom å nemna motrørsla Attac. Rørsla er delvis omdiskutert, og har klare målsetjingar. Den er ei av dei raskast veksande folkerørslene i Europa og famnar i hovudsak unge menneske.

       Ulempa ved rørsla er at den famnar så breitt, samtidig som den er samansett på ein laus og uforpliktande måte. Skulle ein koma i den situasjonen at Attacs målsetjingar vert oppfylte, ville det - paradoksalt nok - krevja internasjonalt samarbeid og mobilisering av ein dimensjon som me neppe har sett maken til enno.

       Føremonene ved rørsla er at den utgjer ei rolle som motmakt og på den måten er med på å reisa ein viktig debatt som kan medverka til fortgang i prosessen. Det pussige er likevel - paradoksalt nok - at nobelprisvinnaren sjølv, James Tobin, tar avstand frå Attacs måte å bruka namnet og teorien hans på.

       Når det så gjeld Tobin-avgifta, vil ei global innføring verka stabiliserande og avgrensa omfanget av kortsiktige kapitalplasseringar. Samtidig vil ei slik avgift innebera mange praktiske utfordringar.

       Noregs plass i Tryggingsrådet må brukast aktivt. Her kan me nå fram og få ein dialog med dei største landa i både EU og G-7. Dette er viktig for å få ein uformell dialog. Likevel kan det stillast spørjeteikn ved om Tryggingsrådet er det mest eigna organet for å ta opp denne typen reformforslag.

       Mitt hovudpoeng er likevel at Noreg må arbeida aktivt med denne saka i dei internasjonale fora der det er mest føremålstenleg, med sikte på å oppnå eit godt resultat.


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 13. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.