Innlegg i debatten om forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Djupedal og Kristin Halvorsen om
For referat fra debatten i fulltekst, se Referat fra Stortingets debatt, 28.5.01
Ingebrigt S Sørfonn (KrF) : Denne saka rettar fokus mot noko som Kristeleg Folkeparti er svært oppteke av, nemleg internasjonal solidaritet og ein global kamp mot fattigdom. Samtidig er det viktig at dei verkemidla me tek i bruk for å nå desse måla, må vera både nyanserte og heilskaplege, og at dei må ha internasjonal støtte, samtidig som dei må vera moglege å gjennomføra i praksis.
Valutaspekulasjonar fører til ein enorm straum av pengar dagleg over kontinenta. Av og til kan dette karakteriserast som egoisme sett i system. Globalisering og marknadsliberalisme kombinert med rask teknologiutvikling gjer forskjellane mellom fattig og rik tydelege. Utfordringane er klare, men løysingane kan nettopp derfor verta ganske mangfaldige. Det er derfor behov for å gå djupare inn i nyansar og problematisera litt rundt konsekvensane som både globalisering, marknadsliberalisme og ein open økonomi fører med seg.
Når det så gjeld Tobin-avgifta, vil ei eventuell innføring av ei slik avgift sannsynlegvis verka stabiliserande og avgrensa omfanget av kortsiktige kapitalflyttingar og plasseringar. Men dersom ei slik avgift skal ha nokon verknad, må den innførast på global basis. Samtidig vert det reist ganske mange praktiske utfordringar, som korleis ein skal kanalisera denne avgifta vidare til dei som treng det, osv. Frå Kristeleg Folkeparti si side har me derfor gått inn for å leggja dette dokumentet ved protokollen. Til grunn for det ligg at me har merka oss at Regjeringa tek sikte på å drøfta nettopp moglegheitene for ei betre styring av dei internasjonale marknadskreftene i ei eiga stortingsmelding. Her legg me til grunn at Regjeringa i den varsla meldinga til Stortinget òg vil gjera greie for det internasjonale arbeidet som er på gang og vil verta utvikla vidare for å avgrensa valutaspekulasjonane. I dette tek me det som sjølvsagt at drøftinga av spørsmålet om ei internasjonal valutaavgift vert teken med.
Når det så gjeld ein årleg rapport om verksemda til IMF mv., vil eg her berre visa til saksordføraren sitt innlegg og hans grunngjeving.