Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Parliament Watch:

Sosialistisk Venstreparti om bistand

Tirsdag 19. april 2005
Linker oppdatert: Fredag 29. april 2005

Utdrag fra sentrale kilder:

I partiprogrammet

I SVs program 2001-2005 står det bl.a. at:

"Solidaritet må vere utgangspunktet for utforminga av norsk politikk når det gjeld fattige land. Noreg sitt forhold til utviklingslanda er meir enn å gje bistand. Vi har felles interesser i å skape ei meir rettferdig verd.

Grunntanken i norsk bistandspolitikk må vere at både givarlandet og mottakarlandet har eit ansvar. Noreg må ta ansvar for all politikk vi fører andsynes fattige land. Vårt ansvar er å sørgje for at pengane når dit dei skal, og at det er samsvar mellom mål og middel. Samarbeid med norsk næringsliv kan vere positivt, men må skje ut frå dei måla vi har for bistandspolitikken vår.

Norsk bistandspolitikk må føre til at styringsevna til dei fattige landa aukar, og hjelpa må derfor ikkje bindast til fastsette krav om gjenkjøp. Dette gjeld også løyvingane til FN og andre multinasjonale utviklingsorgan. Ein større del av BNP i Noreg må brukast på bistand og støtte til fattige land. Halvparten av menneska i dei fattigaste landa er barn, og ein større del av hjelpa må brukast på å betre levekåra til barna.

Frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle i bistandsarbeidet. Dette arbeidet er med på å sikre prosjekta lokal forankring. Rolla til desse organisasjonane bør derfor styrkast."

"SV vil i perioden:

  • arbeide for å få slette gjelda fattige land har til Noreg.
  • arbeide for at Noreg skal gjere ein innsats internasjonalt for slette gjelda dei fattige landa har, og at krava til strukturtilpassing blir fjerna.
  • gjere framlegg om å auke den samla norske bistanden til to prosent av BNP.
  • arbeide for at støtta skal vere retta mot å avhjelpe fattigdommen.
  • arbeide for at minst 20 prosent av bistandsmidlane skal reserverast for utdannings- og helseformål, slik FN har sett som mål.
  • arbeide for å bruke bistandsmidlar til aktivt samarbeid mellom utviklingsland.
  • arbeide for at urfolk skal ha reell medverknad ved planlegging og gjennomføring av norske bistandsprosjekt som har innverknad på samfunna deira, eller som grip inn i områda der dei bur.
  • arbeide for at delar av oljefondet blir brukt til å stimulere solidarisk bankverksemd og næringsbygging i dei fattige landa.
  • arbeide for å opprette fleire prosjekt der kvinner har ansvar både for innhald og gjennomføring av prosjektet.
  • arbeide for at nasjonale tiltak for flyktningar ikkje blir førde på u-hjelpsbudsjettet
  • arbeide for at den delen av stønaden som blir brukt til eksportkredittar for norsk næringsliv, skal bli mindre, og at desse pengane i staden skal gå til å avhjelpe fattigdommen."

I Stortinget

I i en merknad i B.innst.S.nr.3 (2002-2003), 5.12.02 sa SVs medlemmer bl.a.:

"Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til finansinnstillingen, hvor Sosialistisk Venstreparti foreslo en ramme på 102,5 mill. kroner over Regjeringens forslag, og at Sosialistisk Venstreparti ønsket en betydelig styrking av bevilgningene til Midtøsten og til innsats i Russland og Øst-Europa. Disse medlemmer konstaterer at det ikke er flertall for dette, og at rammen for utenriksområdet gjennom budsjettforliket mellom regjeringspartiene og Fremskrittspartiet er kuttet med 155 mill. kroner. Disse medlemmer mener det er særlig uheldig at denne avtalen innebærer et kutt i aktivitetsnivået når det gjelder sosiale tiltak m.m. i Russland, og viser til at dette ikke bare er et spørsmål om solidaritet overfor vår nabo i øst, men at det også er i vår klare egeninteresse å bidra til en positiv utvikling i Russland. Disse medlemmer mener også det er svært uheldig at 5 mill. kroner som var satt av til støtte for FNs utvikling av internasjonal strafferettspleie er kuttet. Disse medlemmer fremmer enkelte forslag til omfordelinger innenfor denne rammen, og henviser til merknader under de enkelte kapitlene"

I debatten om utviklingsministerens redegjørelse om utviklingspolitikk, 6. mai 2002 sa SVs Bjørn Jacobsen bl.a.:

"Det er litt skuffande at utgreiinga nok ein gong blir halden utan at det blir referert til konkrete resultat av den norske bistanden. Folk vil ikkje i lengda godta at 14 milliardar kr skal brukast årleg utan at vi kan seie klarare frå om kva desse pengane går til. SV har tidlegare etterlyst at utgreiinga i større grad burde orientere seg mot oppsummering av resultat og erfaringar, og ikkje berre dei lange linjene framover. Det ville ha tvinga oss til å sjå litt meir kritisk på kva som blir oppnådd og ikkje. For folk flest i Noreg ville det også vore lettare å følgje med i bistandsdebatten - kva som går bra, og kva som går dårleg. Det ville etter mitt skjønn støtte opp under det viktigaste i all bistand: kontakten frå folk til folk, som byggjer på informasjon og gjev engasjement."

-----

"Vi må heile tida spørje oss om bistand kjem fram til dei som treng det mest, og om krav om system som byggjer opp rundt bistand, tener dette formålet. Nyleg blei det lagt fram ein rapport frå det såkalla SAPRIN-nettverket som viser at strukturtilpassing via Verdsbanken på fleire felt har svekt økonomien i dei aktuelle landa og heller fremma fattigdom. Vi må spørje oss om dei handelsregima som ein no søkjer å byggje opp gjennom WTO, verkeleg tener dei fattigaste."

Kilder SV - bistand:

2003:

2001:

Regjeringen Stoltenberg - Ap (17. mars 2000 - 19. oktober 2001):


Søk:

Avansert søk

Kilder og dokumenter:

Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.