Post: Storgata 11, 0155 Oslo   E-post: rorg@rorg.no

Internasjonale utviklingsspørsmål

Ressurssider fra RORG-Samarbeidet

Nyheter:

KrFs brev til Solheim

Torsdag 11. mai 2006

Brev fra Jon Lilletun, KrFs stortingsgruppe, til utviklingsminister Erik Solheim. Datert 11.05.06


Initiativ til eit nytt utviklingsfond

Dei rekordhøge oljeprisane gjev Noreg store og uventa ekstrainntekter, som vi ikkje har rekna med. Det høge prisnivået tappar samstundes dei fattige og oljeimporterande utviklingslanda for enorme summar. Dei får ekstra utgifter langt større enn dei har budsjettert med.

Mange fattige land – ikkje minst i Afrika – får med dette nye og tyngande utgifter som stel ressursar dei hadde sett av til utvikling. Deira von om å nå FN sine tusenårsmål om reduksjon av den absolutte fattigdomen innan 2015, kan no bli knust.

For oss representerer dette ei politisk og moralsk utfordring.

Difor vil eg be deg, som ansvarleg statsråd for utviklingssaker, ta initiativ til oppretting av eit norsk solidaritetsfond som kan brukast til å hjelpe hardt ramma samarbeidsland. Målet er at eit slikt utviklingsfond kan verke som ein reguleringsmekanisme som tar av toppen av rekninga for oljeimporten når prisane er rekordhøge. Det kan gje dei ein sjanse til å nå utviklingsmåla for fattigdomsreduksjon.

Den meir detaljerte utforminga av eit slikt solidaritetsfond treng sjølvsagt utgreiing før det kan vedtakast. Ein må vurdere nærare både kor stort omfang som trengst og dei meir presise kriteria for avsetjingar til fondet og bruk av fondspengar.

Noreg kan på denne måten gå i spissen for nye kreative finansieringsmekanismar, noko som er viktig for å få andre med på større innsats i kampen for internasjonal rettferd. Etter mitt syn  vil etablering av eit norsk solidaritetsfond gje oss eit godt grunnlag for å utfordre dei andre landa som er storprodusentar av petroleum til å øyremerke ein del av dei ekstraordinære inntektene til stønad til dei fattige, oljeimporterande landa, spesielt i Afrika. Dette ber eg norske styresmakter ta opp direkte i bilateral kontakt med desse landa. Også dei må vise solidaritet.

Eg har merka meg at Verdsbanken sin sjeføkonom, Francois Bourguignon, nyleg har uttalt at dei fattigaste landa no står ved eit kritisk punkt, der mange u-land risikerer tilbakeslag. Ein økonomisk nedtur vil alltid ramme dei veikaste mest, for dei har minst å gå på.

Situasjonen er alvorleg, og eg bed deg ta opp dette i regjeringa slik at ei slik utgreiing kan bli sett i gong så snart som råd. Det trengs om fondet skal kunne bli lansert i statsbudsjettet for 2007.

Med venleg helsing

Jon Lilletun
Kristeleg  Folkepartis stortingsgruppe


Redaktør: Arnfinn Nygaard
Sist oppdatert: 12. januar
Om disse sidene
Sidene er utarbeidet med økonomisk støtte fra NoradUtforming og publiseringsløsning fra Noop.